• (1)
  • (1)
  • (1)
  • (1)
Game cover

Crystal Caves: The Troubles with Twibbles

Platform iconDOS 1991 Action Platform Sci-fi

Følar du for litt skattejakt? Milo er på jakt etter krystallar for å finansiera sin store drøym. Twibbleoppdrett! Hjelp han å utforske dei farefulle gruvene på Altair.

Game published on 13.12.2012 by Oldtree

Editor rating
4.5
User rating (1 votes)
6

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (22)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (22)


    N/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/AN/A

    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    Review


    I spelet «Crystal Caves» skal du ikkje uventa drista deg ned i dunkle og dødelege gruver på leiting etter skinnande krystallar. Du spelar karakteren «Milo Steamwitz», ein romfarande handelsmann, som desperat prøvar å unngå å fylgje i fotspora til sin onkel som Yorp gjetar. Han har nemleg ein eigen plan. Det siste store for alle motebevisste i galaksen er nemleg små lodne skapningar kalla «Twibbles». Som dei fleste gründerar ser Milo umiddelbart potensialet i Twibbleoppdrett og trenger startkapital, og det kjapt, før folk ser seg leie på dei små pelsdottane. Han fyrer dimed opp sitt skip, «The Millenium Kiwi», og set kursen mot gruvene på Altair der det ryktes store førekomstar av verdfulle krystallar.

    Utan katastrofale problem kjem Milo nokolunde trygt fram og du får ta over kontrollen. Valet står no mellom seksten heisdører som kvar leiar til ulike gruver; stappfulle av glinsande krystallar. Milo er langt frå måtehalden og forlanger at du skal besøke alle område og henta heim absolutt alle krystallar. Ikkje ein einaste får stå i fred og utgangen tilbake til hovudområde nektar å opna seg før gruveområdet er praktisk talt støvsoge. Du har sjølvsagt moglegheita til å trekkja deg tilbake via menyen om du vil prøva ein anna gruve istaden, men Milo lar deg ikkje sleppe unna så lett: Du er nøydt til å komma tilbake ein anna gong.

    Når du så er i gang med å utforske ei gruve styrar du Milo ganske enkelt rundt med piltastane. For å komma seg i høgda kan du få Milo til å hoppa ved å trykka på «Ctrl» tasten og dersom du ser noko du ikkje liker kan du skyta det i filler med «Alt» tasten. Vår helt er nemleg utstyrt med ein rakettpistol som lett tek seg av det meste du kan støyta på. Ammunisjon er lett tilgjengeleg i dei fleste gruver, men som med dei fleste spel så bør ein ikkje sløsa vekk alt for mykje ammunisjon.

    Anna enn ammunisjon er gruvene sjølvsagt fylt til randen av krystallar i ulike fargar. Sidan alle skal samlast tek du som regel turen til alle krikar og krokar, men kvart brett er utforma med denne tanken i bakhovudet og det vert dimed aldri noko frustrerande leiting etter ein siste gøymd krystall. Den siste krystallen du snappar opp lét i tillegg annleis enn dei førre så du får då klårsignalet til å gjere deg ferdig med denne grotta. I tillegg til krystallane kan du finne bonusgjenstandar som gjev deg ekstra poeng samt ulike soppar og ikonar som kan gje deg tidsavgrensa eigenskapar. Desse kan for eksempel gjera deg udøyeleg eller venda gravitasjonen opp ned.

    Men alt er ikkje berre fryd og gammen når du er på tur i ned i bakken. Lokalt monsterliv og andre farar truar med å setja ein effektiv stoppar for krystallsamlinga. Milo startar kvar gruve med tre helsepoeng. Kvar gong han trør feil mistar han eit hjarte, og dersom han mistar alle tre vert han sendt tilbake til hovudområdet. Det er dimed ikkje eit stort tilbakesteg dersom du feilar då du berre må starte gruva på nytt og kan prøva så mange gongar du vil. Sidan dette er gruvedrift i verdsrommet så er kvar gruve utstyrt med ein luftgenerator. Som regel er denne maskinen kun dekorativ, men dersom du skulle vere så uheldig å øydeleggja han med ein feilbedømt rakett er det noko av det verste du kan gjera. Lufta forsvinner fortare enn du kan gispe og det indre trykket vil få Milo til å eksplodera så hatten flyg. Ikkje ei hyggeleg oppleving.

    Når me kjem til det audiovisuelle stillar «Crystal Caves» bra i den eine kategorien, men ikkje så sterkt i den andre. Spelet nyttar sterke og klare fargar med god kontrast. Kvar gruve køyrar sitt eige tema og det varierer frå stilreine og enkle design til meir komplekse og støyfulle. Det er tydeleg at det har vore ein hensikt bak utformingane og i nokre gruver er fiendane og strukturen enkel å sjå, medan i andre kan nokre monster gå i eitt med bakgrunnen for å prøve å forvirra deg. Det som kjem ut av høgtalaren derimot kan langt frå skryte av same variasjon. Sidan speler nøyer seg kun med «PC-speaker» er krystalljakta akkompagnert av kun eit utval lydeffektar og ingen musikk. Lydeffektane gjer ein god jobb til å halda høgtalarane gåande, men dei vert fort rimeleg einsformige. Særskild då lyden av hoppet til Milo, noko du vil høyra mange gongar.

    «Crystal Caves» stillar seg enkelt i den kategorien med spel som lett lar seg starte opp og komme i gang med for ei lita økt. Kvar gruve er ikkje så lang og målet i spelet er ganske direkte. Hopp rundt og saml krystallar medan du unngår dei ulike farane. Spelet («The Trouble with Twibbles») er for øvrig det fyrste av ein trilogi og om det faller i smak kan det vera verdt å prøva dei to andre som ikkje skil seg nemneverdig frå den fyrste episoden.

    Artig fakta
    «Crystal Caves» fekk sin fyrste (og siste) «patch» hausten 2005. Heile 14 år og ein dag etter at det vart gitt ut! Denne fiksa ein feil som gjorde at operativsystemet Windows XP kunne verta sett 100 år tilbake i tid etter å ha tatt ein runde med krystalljakt. Kan dette vere rekord i vedlikehald av spel?
    Score summary
    • icon Graphics : 4.5
    • icon Sound : 3
    • icon Gameplay : 5
    • icon Story : 4.5
    • icon Difficulty : 4.5
    • icon Learningcurve : 4.5

    Game permalink:

    Comments