• (6)
  • (9)
  • (22)
  • (2)
Game cover

Heroes of Might and Magic II: The Succession Wars

Platform iconDOS/Windows 1996 Adventure Roleplay Strategy (Turn based)

Series: Heroes of Might and Magic

For the first and, as of yet, only time in the series, the campaign is split into two branches of scenarios, offering players the choice to support either Roland or Archibald (and, midway through, a chance to betray the heir and side with the enemy or continue to support him).

Game published on 23.12.2010 by Oldtree

Editor rating
6
User rating (14 votes)
4.7

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (15)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (15)


    Skjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession WarsSkjermskudd fra Heroes of Might and Magic II: The Succession Wars

    Game video


    Download


    Game compability


    Review


    For lenge sidan kom eg over demoen til akkurat dette spelet. Det innehaldt berre eit kart som du kunne spela, men det trengte ikkje meir før eg og mine venner vart hekta. Så når eg plutseleg fann heile spelet i butikken nølte eg ikkje med å kjøpa. Spelet hadde då vore ute eit år eller to for med på kjøpet fekk eg utvidingspakken og det fyrste spelet med i eit kompendium. Det fyrste spelet har me tidligare omtalt, men sidan eg hoppa rett på andre spelet verkar det fyrste latterleg i samanlikning.

    Heroes of Might and Magic II: The Succession Wars er det andre spelet i Heroes of Might and Magic serien; ein strategispel spin-off av den populære Might and Magic serien. I staden for å spela kun ein helt tek du no kontrollen over fleire heltar, deira borgar og alle monstri som dei kan få til å kjempa for seg. Det gjeld å tileigna seg dei mange ressursane, kjempa mot vandrande monster for mektige magiske gjenstandar før ein til slutt knusar motstandaren sine heltar og erobra borgi deira.

    Oppfylgjaren som me no omtalar spelar som det fyrste spelet, men byggjar vidare på alle mulege områder. No har du to ekstra typar heltar med sine respektive borgar, nye monster, meir magi og vesentleg betre grafikk og lyd. Sidan dette spelet byggjar så mektig på sin forgjengar klarar eg ikkje med alvorleg ansikt å spela forgjengaren. Det er berre å samanlikna monstri side om side så ser du lett kvifor.

    Når du startar å spela kan du anten hoppa rett inn i kampanjen eller spela fritt på ferdig lagde kart. Forskjellen er teknisk sett ikkje så veldig stor for kampanjen i seg sjølv er berre ein serie kart som spelast i serie, men då får du ein historie som (laust) bindar saman karta, samt ei aukande vanskegrad. Vidare vil du få ein video som inneheld ein monolog frå han du valde å fylgja i kampanjen. Dersom du istaden følar for å kun spela eit enkelt brett så vil du likevel få eit lita historie som bretti er tematiserte opp mot. Heroes of Might and Magic II inneheld óg ein karteditor der du kan laga dine eigne kart med kvalitet opp mot dei som du får med spelet.

    Det fyrste du ser når du startar opp eit kart vil vera ei enkel borg med ein einsleg helt slentrande i porten. Dette er forkasteleg så du sendar han naturlegvis ut for å erobre nærmiljøet. Det tek ikkje lang tid før helten kjem klynkande tilbake og klagar over skumle monster og bak kvar ås så du er nøydt til å utstyra helten din med ein hær til å kjempa for han. Dette gjer du naturleg nok i borga som helten starta i.

    Borga ditt nyttar du til å pumpa ut monster du fyllar opp i hæren din. Dersom ikkje kartet ditt startar deg med ei ferdig utbygd borg er du nøydt til å bygge bygningar som genererer monster eller kan gi helten din effektive magiar. Desse bygningane krevjar både pengar og ressursar. Pengar kjem i form av inntekt kvar dag medan ressursane må helten din ut for å sikra deg.

    Når du så no har fått kjøpt deg nokre monster, for monstra kjem nemleg ikkje frivillig ut av husi sine, ber du dei fylgja helten din ut på tokt. Med sin nye hærskare dreg han frydefullt ut og knusar all motstand. Dei dukkar opp i form av stilleståande vandrande monster med omtrentleg oversikt over kor mange dei er. Ved å kjempa dei ned tenar helten din erfaringspoeng og vil verta mektigare og læra seg nye ferdigheitar. Ein mektig helt vil lett kunne knuse ein større hær ved hjelp av kraftig magi eller monstra i hæren under han er sterkare enn tilsvarande monster i ein anna hær.

    I ro og fred set du opp flagget med fargen din overalt rundt borgi ditt, men det tek ikkje lang tid før du ser noko anna som kan røra på seg. Motstandaren din sine heltar er nemleg ute på same ærend og det kan fort verta krasj mellom fiendtlege heltar. Slike kampar vert fort blodige så det gjeld å ha ein stor hær under helten din eller så kan han fort verte nedkjempa. Då forsvinner han frå kartet, men frykt ikkje for han kan lett kjøpa han tilbake i borgi ditt. Det krevst berre ein nominell sum for å overkomma den såra stoltheita. Frå same staden har du mulegheita til å kjøpa fleire heltar og det er på denne måten du kan ha fleire hærar opererande på fleire stadar samtidig.

    Målet i dette spelet er som du sikkert har gjetta å ta motstandaren si borg. Då kjem det i ditt eige og du kan bruka alle funksjonar som det har å tilby. Dersom borgi er av ein anna type enn ditt eige har du no moglegheita til å blanda monster av ulik verd, men dette kan gå ut over moralen då ein alv nødig vil samarbeida med eit troll. I store kart med fleire spelarar er det muleg å ta over mange borgar og dette vil gje deg ein kraftig fordel over dine motstandarar. Når ein spelar har mista alle borgene sine har han ei veke på seg for at heltane han kommanderer kan erobre ei ny borg. Dersom dei ikkje klarar dette, eller alle heltane er nedkjempa, vert spelaren eliminert. Siste spelar som står igjen vil gå sigrande ut. Nokre kart inneheld alternative måtar å vinna på, men det mest direkte er berre å fjerna all motstand.

    Mens du prøvar å nedkjempa motspelaren din presenterast spelet med vedunderleg grafikk samt eit fengslande lydspor. Med flotte fargar og klare bilete fulle av detaljar er spelet ein real smakebit for augi. Personleg tykkje eg grafikken i Heroes of Might and Magic II er betre enn det tredje spelet i serien og flotte animasjonar gjer kvar kamp ein fryd å kjempa. Musikken er legendarisk og inneheld til og med opera i musikken som spelast i nokon av borgene (med mulegheita til å slå av operaen i menyen dersom du ikkje toler slik musikk). Eit utval av musikkspora kan du høyra på retroradioen.

    Eg vel å gi dette spelet vår gjeve pris «Golden Dos Spirit» då eg følar spelet er av beste kvalitet. Så om du følar for litt episk fantasy strategi så treng du ikkje leita lenger. Kvart brett vil lett kunne ta tid, særleg då maskina likar katt og mus leik, men når ein har det gøy er ikkje det noko problem. Personleg hadde eg litt problem med versjonen du får her, men det skal ikkje vera noko gale med han. Får du derimot problem er det berre å ta turen til vårt forum så skal me sjå om me kan finna ei løysing.
    Score summary
    • icon Graphics : 6
    • icon Sound : 6
    • icon Gameplay : 6
    • icon Story : 5.5
    • icon Difficulty : 3
    • icon Learningcurve : 3

    Game permalink:

    Comments