• (2)
  • (1)
  • (1)
  • (1)
Game cover

King's Quest: Quest for the Crown

Platform iconDOS 1984 Adventure Puzzle

Series: King's Quest

Redd kongeriket fra onde makter i det første av totalt åtte spill i serien. Nådeløst som bare det.

Game published on 01.12.2007 by Oldtree

Editor rating
6
User rating (10 votes)
3.3

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (9)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (9)


    Skjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSkjermbilde fra King's Quest: Quest for the CrownSwimming with crododiles. Not a good idea!!

    Front-cover(s) (1)


    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    Review


    Spelet King’s Quest startar med karakteren Graham frå riket Daventry. Han får i oppgåve frå den regjerande kongen å finne tre skattar som skal bringe riket tilbake til si storleik. Dersom han skulle klare denne oppgåva skal han få trona som vinst og verta den nye kongen.

    Det er hermed di oppgåve å veileda vår prins med sin grøne hatt gjennom hans farefulle ferd for å finna skattane. Dei tre skattane han er på jakt etter er; ein magisk spegel som kan visa fjerne land og framtida, ei magisk skattkiste som aldri vert tom, og eit magisk skjold som skal beskytta han mot farar.

    Og farar er det nok av i dette spelet. I god gammal Sierra stil så skal det ikkje mykje til før du døyr, og når du døyr, så døyr du skappele. Her er inga ”Fortsett” eller ”Ekstraliv” å støytte seg på, for dersom du skulle vere så uheldig å falle i ei av fellene så er du nøydt til å starta på nytt. Heldigvis så er det lagt til eit lagringssystem i spelet, og eg anbefalar sterkt at du nyttar det så ofte som mogleg, for sjølv når du anar fred og inga fare, så kan det plutseleg dukka opp noko skummelt som vil deg til livs, introdusert med ei lita melodi du fort vil læra deg å kjenna att.

    Grafikken i spelet er av beste pikselkvalitet og fantastisk for den tida spelet vart lansert. Fargane er skarpe og klare, og det er utruleg kva flinke artistar kan får til. Animasjonane er flytande og skapar lett den bevegelsen som dei prøvar å etterlikna.

    Musikken derimot manglar, med unntak av den fantastiske temasongen der spelet nyttar melodien til musikkstykke ”Greensleaves”. Elles vil du kunne høyra små trudeluttar og mindre melodiar, som for eksempel når Graham har klart å komme seg i høgda for så å ramla ned eller når du har vore uheldig og støytt på ei av spelet sine mange feller.

    Når det er snakk om sjølve spelopplevinga så er det nok delte meiningar om korleis det er. For min del, så elskar eg korleis ein spelar spelet. Det å gå rundt og skrive inn kva ein gjer passar meg utmerket, men eg ser fort korleis dette kan verka vanskeleg og knotete for mange. Mulegheitene er jo så mange, og ein bør forventa å få mange forstår ikkje svar tilbake når du prøvar deg på noko i spelet. I tillegg vil ein nokså mager sjå (look) funksjon lede til mange gjetteleikar dersom du er usikker på kva dei 20 pixlane i spelet eigentleg skal førestille. Heldigvis er dette forbetra i etterfylgjarane til King’s Quest 1.

    Og mange etterfylgjarar har dette spelet fått. Serien sitt siste bidrag var King’s Quest VIII som kom 14 år seinare. Reknar me med spirituelle oppfylgjarar som Police Quest -, og Space Quest serien så er me fort oppe i over 15 - ei bragd ikkje mange spel kan skryte av.

    Få difor med deg det fyrste spelet i rekkja, og last ned King’s Quest: Quest for the Crown i dag, slik at du er klar til når omtalen av King’s Quest 2: Romancing the Throne kjem. Eg vel å gje dette spelet vår Golden DOS Spirit for Grahams episke entré til spelverda og anbefalar sterkt at du prøvar det ut.
    Score summary
    • icon Graphics : 6
    • icon Sound : 6
    • icon Gameplay : 5
    • icon Story : 6
    • icon Difficulty : N/A
    • icon Learningcurve : N/A

    Game permalink:

    Comments