• (3)
  • (5)
  • (9)
  • (11)
Game cover

Myst

Platform iconWindows 1993 Adventure Point & Click Puzzle

En av de aller første eventyrspillene med forhåndsrendrede bakgrunner. Spilleren beveger seg fra scene til scene ved hjelp av å velge retning på skjermen og alle handlinger vises med 3D-sekvenser. Kjent for obskure gåter og fantastisk grafikk når det ble utgitt opprinnelig.

Game published on 13.12.2011 by Oldtree

Editor rating
6
User rating (10 votes)
5.2

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (25)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (25)


    Skjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystSkjermskudd fra MystBrukerskjermbilde av Brukerskjermbilde av Brukerskjermbilde av Brukerskjermbilde av Brukerskjermbilde av

    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    No compability data found
    We have no data on how compatible this title is. Please refer to the list below for emulators on various platforms.

    Review


    Kven kunne tru at bøker kan vera så mektige, og så farlege? Eventyret i dag startar med at ein namnlaus protagonist finner ei ny og spennande bok med det mystiske namnet «Myst». I denne boka kan hovudpersonen lese om ei fantastisk beskriving av ei ukjend øy. Men alle bøker har som kjend ei ende og etter å ha lagt hand på siste side i verket skjer det utenkjelege. Ein sprekk opnar seg, og vår helt faller ned i stummande mørke, kun til å vakna opp på nett den same øya som nøysamt er beskriven i boka «Myst». Er det på tide å skriva slutten?

    Med dette utgangspunktet startar spelet. Me får ikkje vita kven hovudpersonen er, kvar han kjem frå eller kvar han fekk tak i den merkelege boka. Det er her heller poenget at du skal setja deg sjølv inn i denne personen og leva deg inn i denne nye verda. Bytter du ut ut bok med dataspel og sprekk med skjerm, ja då stemmer det faktisk ganske godt. Heile spelet spelar seg ut i fyrste person og det er ikkje vanskeleg å mista litt bakkekontakten etter kvart som du klikkar deg fram i spelet.

    Du står altså ved ei ny og ukjend øya. Ulike bygningar i ulike stilar tronar rundt deg og du føler deg kanskje litt fortapt. Kvifor er du her? Kven har skapt alt dette? Som den erfarne spelaren du er er det berre ein ting å gjera: utforska. Det tek ikkje mange skritt (eller skjermar) før du finner ein lapp liggjande i graset. Naturleg nok plukkar du han opp for å lesa han. Meldinga refererer til ein viktig beskjed tilsikta ei ukjend «Catherine», men som den snokaren du er tek du sjølvsagt ein titt sjølv.

    Etter å ha funne fram til beskjeden får du spelt av ein video av ein desperat mann som varslar at ein av sønene hans har øydelagt dei fleste av bøkene han har skrive. Uhøyrt! Dei bøkene som overlevde er gøymd vekk og det er no opp til deg å finna dei. Du fortsetjar di utforsking av øya og snublar over eit ikkje uventa bibliotek. Blant mange brende bøker finner du fire som overlevde utan skade. Det er anbefalt å lesa desse bøkene då dei fortel om bakgrunnen til dei neste verdane du kjem til å besøka.

    I tillegg til desse bøkene finn du to andre bøker som skil seg markant ut. Ei raud og ei blå bok. Om du opnar dei finner du inga tekst, men kun ein portal som kun visar støy og bråk. Attmed kvar av dei to bøkene ligg kvart sitt raude og blå ark. Passar dei kanskje til kvar si bok? Du stappar inn sidene og opnar på ny. Portalen visar framleis mykje støy, men du kan no skimta ein person på den andre siden, samt sporadisk høyra kva dei seier. «Bring me the red/blue pages.»

    Med eit klart mål startar spelet her. Det er opp til deg å finna desse sidene for å løysa mysteriet. For å gjera dette er du nøydt til å utforske øya og løysa gåtene ho byr på. Men det er ikkje kun denne øya du er avgrensa til. Ved hjelp av dei bortgøymde bøkene kan du dra til nye epokar for å utforska andre miljø, noko du er avhengig av for å komma vidare.

    For å komma deg rundt i verda treng du kun å klikka med musepeikaren der du vil gå. Vil du slå på ein brytar eller handtera ein maskin treng du kun å klikka på han med den same musepeikaren. Gjennom spelet vil du løysa gåtene på denne måten og det er ikkje snakk om noko inventar som ein er nøydt til å halda styr på. Det einaste som du kan plukka opp i spelet er dei fargerike sidene (som har den klassiske magiske krafta som gjer at du kun kan halda på ein side om gongen).

    Vidare så er det i rake motsetninga til visse andre eventyrspel (Sierra sine klassikarar for eksempel) ikkje muleg å døy i dette spelet. Heile spelet er utforma slik at det ikkje skal vera mogleg å setja deg fast. Du skal ikkje kunne komma til eit sted i spelet der du verken gå fram eller tilbake fordi du gløymde å plukka med deg den kritiske komponenten for 20 minuttar sidan, eller få ein kampestein i hovudet fordi du drog i feil spake. Utviklarane omtalar dette designvalet med sitatet: «som i det verkelege liv døyr du ikkje kvar femte minutt.»

    Du kan dimed i ro og mak utforske øya i det tempoet du vil. Og det er her spelet briljerer. Med fantastisk grafikk og sporadisk musikk er spelet ein drøym å utforska. Det me tilbyr her er den klassiske windows-versjonen frå 1993, men spelet er i ettertid kommen ut på mange ulike plattformer og har fått ein oppdatert «Masterpiece» versjon i år 2000. «Myst» nyttar det klassiske CD-formatet godt med kombinasjonen av rike teksturar, videoar og lyd, og var ein pådrivar for CD-formatet når spelet fyrst kom ut.

    På grunn av dei mange versjonane, samt den episke nyvinninga spelet kom til å vera, var spelet det mest selde PC spelet heilt fram til år 2002 før avhengnadskapande «The Sims» tok over den tronen. Av denne grunn og sidan spelet osar kvalitet vel eg å tileigna «Myst» vår gjeve pris: «The Golden Dos Spirit»

    Teknisk informasjon

    Versjonen som me tilbyr her er den klassiske windowsversjonen og han vil dimed ikkje køyra i kun rein dosbox. For å køyra han har eg installert «windows 3.11» i dosbox som eg nyttar for å spela av. Dette kan du lett ordna ved å ta eit kjapt google søk, helst ved å finna ein komplett windowsinstallasjon du kan opna i dosbox. Andre alternativ for å spela denne klassikaren er å ta i bruk ein av dei mange ulike versjonane som er kommen i ettertid. Sjølv kom eg endeleg gjennom sjølve spelet med iOS versjonen som fungerer ypparleg der du klikkar deg fram i spelet med peikefingeren. Eit anna billig alternativ er å plukka opp «Masterpiece» versjonen på gog.com. Treng du hjelp til å installera windows 3.11 i dosbox er det berre å spørja om hjelp i forumet vårt.
    Score summary
    • icon Graphics : 6
    • icon Sound : 5.5
    • icon Gameplay : 5
    • icon Story : 5
    • icon Difficulty : 5
    • icon Learningcurve : 2

    Game permalink:

    Comments