Golden Spirit Award Game cover for Ninja Gaiden
Developer(s)
Publisher(s)
Release year
1988
Releases
Age rating
Everyone
Game mode(s)
No modes defined
License
Abandonware

Ryu Hayabusa is on a quest to find out who killed his father. This leads to evil conspiracies and even more evildoers! But, thankfully Ryu is a ninja and as everyone knows they have their way of dealing with baddies; by slicing!

Published: 06.12 2012 by retrospirit-bot

Screenshots
Game screenshot of Ninja Gaiden
Cutscene
Game screenshot of Ninja Gaiden
Cutscene
Game screenshot of Ninja Gaiden
Cutscene
Game screenshot of Ninja Gaiden
Cutscene
Game screenshot of Ninja Gaiden
N/A
Game screenshot of Ninja Gaiden
N/A
Game screenshot of Ninja Gaiden
N/A
Game screenshot of Ninja Gaiden
N/A
Game screenshot of Ninja Gaiden
Act 1
Game screenshot of Ninja Gaiden
N/A
Game screenshot of Ninja Gaiden
First boss

Det finnast vanskelege spel, vanskelegare spel, og det finnast spelet «Ninja Gaiden». Ikkje den nye versjonen som kom dette milleniet, nei. Me snakkar om den mykje eldre versjonen som kom til NES seint på åttitalet. Om du nokon gong har høyrt uttrykket «Nintendo Hard» så er dette spelet eit av kroneksempla på kva dei meiner. Det er nok mange som vegrar seg over å vera i nærleiken av ein kant når det er haukar og flaggermus i lufta.

Før du får samla deg nok mot til å klinka ned på start knappen visar spelet deg ein klassisk scene mellom karakteren du kjem til å spela, Ryu Hayabusa, sin far og ein ukjend antagonist. Denne endar (sjølvsagt) i faren sin død og set tonen for ein sint ninja som enkelt kuttar sine fiendar ned i blodig hemntyrste. Med dette bakteppet set du i gang og vert kasta ut i ein episk historie om hemn, svik, kjærleik og ikkje minst; overnaturlege demonar.

For å vera ærleg så kan skildringa i førre avsnitt vera litt overdriven, men han er langt frå feil. Sjølv om hovudfokus til «Ninja Gaiden» er godt «gameplay» så er historia godt fortalt mellom spelsekvensane i det som godt muleg er den fyrste bruken av filmsekvensar i spel. På tross av den enkle teknikken NES konsollen var avgrensa til så får mellomsekvensane ein nær teikneserieliknande stil som gjer at dei er verdt å sjå i staden for å kjapt klikke seg forbi for å spela vidare.

Spelet startar rimeleg direkte med å kasta deg ut i ei bakgate som du må kjempa deg gjennom. Etter dette fyrste brett kjem historia i gang. Ninjaen vår, Ryu, vert skoten og fanga, for så å få utlevert ein mystisk statue av ein gammal demon. For at ikkje historia skal enda der rømmer vår helt og reiser til ein gammal kjenning av sin far for å finne ut meir om statuen. Typisk nok etter å ha komme fram dukkar det opp ein anna ninja som stel statuen og hoppar opp og vekk gjennom ei open luke i taket. Uten å nøle hastar vår ninja etter tjuven for å finna den eigentlege skurken.

Som mange andre siderullande spel er det din oppgåve å springa mot anten høgre eller venstre til slutten av brettet for å komma deg vidare, helst utan å stoppe. Du hoppar med A knappen og svingar sverdet ditt med B, samt som ein ekte ninja kan du svinge sverdet medan du hoppar og på den måten kutta ned alt som står i din veg. Og ganske mykje står i din veg, faktisk. Jamt og trutt dukkar det opp ulike fiendar som alle vil prøve å hindra deg i å komme vidare. Lett nok lar dei seg alle avfeie med eitt enkelt kutt, men så gjelder det å få inn dette eine kuttet.

Gjennom brettet kan du hjelpa deg til magiske effektar som du kan plukka opp ved å kutta ned visse gjenstandar hengande på veggar. Desse sprikar frå noko så enkelt som simple kastestjernar til brennande flammehjul som fjernar alt som står kjem i nærleiken av karakteren din. Nokre plassar er det nærast essensielt å ha den riktige trylleformel for å komma heilskinna gjennom.

Når me så no har komme gjennom det mest grunnleggjande kan me komma til det som gjer at det går kaldt nedover ryggen til mange når ein nemnar tittelen «Ninja Gaiden». Spelet er legendarisk vanskeleg. Ikkje på grunn av dårlege kontrollar eller at spelet, som ein så fint kallar det, juksar. Nei, spelet gir deg gode og nøyaktige kontrollar, men vel så å tvinga deg til verkeleg å nytta dei til sitt fulle. Bretta du skal kjempa deg gjennom er godt gjennomførde med utspekulerte fiendar plassert slik at du det minste feilsteg gjer at du vert ein kasteball mellom ulike fiendar. Derimot når fingrane er varme og rørslene sitter glir du silkemjukt gjennom brettet utan at noko stoppar deg. Det vil seia, heilt til du gløymer at det kjem ein hauk flygande når du er halvveges over eit stup.

For det er her mykje av vanskegraden kjem inn. Ninjaen vår er utstyrt rikeleg med helse, eit naudsyne i dei fleste spel, og du toler dimed mange treff før du vert sendt tilbake til sjekkpunktet. Dei mange helsepoenga hjelper diverre ikkje dersom du vert sendt skrikande ned eit botnlaust stup. Og det er her dei plagsame haukane (og alle andre fiendar) kjem inn. Kvar gong karakteren din kjem i kontakt med ein fiende vert han kasta i ein fin boge eit par meter bak og ute av stand til å reagere før han er på fast grunn att. Og dersom det ikkje er noko fast grunn? I starten av spelet er ikkje dette noko problem, men seinare i spelet er det så mange hol å falle ned i at du til slutt ikkje bryr deg om helsepoenga dine lenger. Det er nesten garantert at eit ublidt møte med noko endar med eit svalestup ned og ut av skjermen.

Heldigvis nyttar spelet eit veldig generøst sjekkpunktsystem. Som i mange andre spel spelar du deg gjennom ulike verden notert som 1-1, 3-2, 6-4. Dersom ein verden består av fleire brett er det plassert ut eit sjekkpunkt i starten av kvar av desse bretta. Dersom du skulle vere så uheldig (noko som vil skje ofte) så vert du berre sendt tilbake til sjekkpunktet og kan, med straff på magipoenga dine og full helse, prøva på ny. Dersom du feiler tre gonger er det «game over», men du vert kun sendt tilbake til starten av verda du er på. Spelet straffar deg derfor ikkje så hardt for å feile, men det hindrar derimot ikkje frustrasjonen frå å bobla fram når dei flygande ninjaene i beste Karlson på taket stil sendar deg utfor klippekanten på ny og på ny. Det einaste unntaket til regelen her er når du kjem til den siste bossen i verden 6-4. Feiler du her er det ingen kjære mor. Sjølv om du hadde fleire liv og dimed ikkje var «game over» sendar spelet deg heilt tilbake til starten av verden 6-1. Dei tre vanskelegaste verdane står så på ny i din veg før du får neste forsøk på din nemesis.

Når det kjem til presentasjonen av spelet stillar «Ninja Gaiden» framleis sterkt. Grafisk nyttar spelet ein rimeleg tam fargepalett med dunkle fargar, men har ein gjennomført stil og varierte miljø du sloss deg gjennom. Musikken på den andre siden heller meir over til den legendariske siden. Gjennom dei ulike verdene vil du, i tillegg til lyden av evig gjentatte sverdsving, verte hasta vidare av gjenkjenneleg musikk med høgt tempo. Musikken gir deg ei kjensle av stress som får deg til å pressa vidare, på godt og vondt. Når du så har kjempa deg fram til neste historiescene skiftar musikken over til ei roleg og mistenkeleg stemning slik at du får ei lita pause. Men ikkje lenge. Snart er Ryu på farten igjen og det same er musikken. Spelet vert dimed heva til eit nytt nivå og det er vanskeleg å tenkja seg «Ninja Gaiden» utan sine klassiske tonar.

Om du føler for å utfordra dine emnar med eit svært så vanskeleg spel så er det berre å kasta seg over «Ninja Gaiden». Om du ikkje har store ambisjonar om å fullføre spelet (sjølv har eg enno ikkje klart å overvinna den siste bossen) så er det høgst anbefalt å ta ein runde i ny og ne, kun for å få nullstilt standarden over kva som er eit vanskeleg spel. Alle spel denne siden av årtusenet verkar plutseleg mykje lettare etter ein god gammal runde på ekte «Nintendo Hard». Av den grunn meskar me denne tittelen med vår gjeve Golden DOS (NES) Spirit.

Oldtree's avatar
By Oldtree - 06.12.2012

Score summary
Graphics
5
Very good
Sound
5
Very good
Gameplay
6
Superb!
Story
5
Very good
Difficulty
6
Forget it, you won't beat this anytime soon!
Learning curve
6
Forget it, you won't beat this anytime soon!

Overall: 6

Ninja Gaiden series (1 games)

Games in this series are listed in chronological order of release (year).


There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add one! Login to get started.

Contribute to Ninja Gaiden

Help build the ultimate source for old games by adding new content for this game page.

Login to contribute. No account? Create one today!

Contributors gain additional site functionalities like access to extra content and much more!

Files
Please login to contribute and access extra content. No account? Create one today!