• (0)
  • (0)
  • (0)
  • (0)
Game cover

Rick Dangerous 2

Platform iconDOS 1990 Action Platform

No game description available yet

Game published on 02.12.2010 by Oldtree

Editor rating
4.5
User rating (3 votes)
4

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (15)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (15)


    Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2Skjermskudd fra Rick Dangerous 2

    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    Review


    Etter den ufortente karakteren til det fyrste spelet, Rick Dangerous, tenkte eg det var på tide å ta saken i eigne hender og få omtalt etterfylgjaren. Året etter at fyrste spelet kom ut i 1989 fylgde Core Design Ltd. på med ein etterfylgjar. No skrudde skrudde dei vanskegraden litt ned og gjorde spelet litt finare å sjå på.

    Historia fortsette frå der fyrste spelet slutta (På ein måte, for det verkar til å vera mange år seinare). Rick har nettopp komme heim til London for å slappa av, men det fyrste som møter han er ein invasjon frå rommet. Som den helten han er kastar han frakken sin og får hatten skyte av seg idet han gir i veg for å finne ut av situasjonen. Det tek ikkje lang tid før han finner ut at «The Fat Guy» står bak det heile. Ferda går så vidare frå romskipet til isplaneten «Freezia» før han kjem til skogen «Vegetablia». Det heile rundar seg av med ein tur gjennom dei kjernefysiske sølegruvene før Rick avsluttar det heile i «The Fat Guy's Headquarters».

    Dei forskjellige verdene har ulike tema og omtrent så stor variasjon som det kan forventast av denne typen spel. Mange av fellane er av same type, men vert presenterte på nye og utspekulerte vis etter kvart som du spelar deg gjennom. Men hovudtrekket til dei alle er det same som i fyrste spel; memorerer dei eller døy.

    For spelet er brutalt. Rick i seg sjølv kan vera ganske farleg, som spelet seier, men dette er fyrst etter at du har lært deg alle triks spelet har å by på. I starten vil omtrent alt som kan røra på seg enda opp med at karakteren din flyg skrikande av skjermen. For å hjelpa Rick gjennom alle farane har han tatt med seg eit par våpen, dog då i svært sparsam mengd. Han har bytta ut sin gamle seksløpar til ein meir moderne strålepistol, men dei fungerer på akkurat same måte. Seks skot han kan skyta ned robotar eller vandrande pingvinar. Dynamittane har han bytta ut med tidsinnstilte bombar som han kan sparke langsetter golvet. Dei vert svært nyttige mange plassar gjennom verdene, men det gjeld å bruka dei klokt for du har berre seks tilgjengeleg.

    Strødd gjennom bretta finn du heldigvis nye forsyningar og spelet er lagt opp til å vera av aukande vanskegrad. Den fyrste verda startar relativt enkelt og det vil ikkje ta lang tid før du kan komma ganske langt i han. Når du så startar å meistra dei seinare verdane vil dei tidlegare verka mykje lettare. Ein forbetring frå det fyrste spelet her er at du kan velja frå starten av om du vil starta på verden ein, to, tre eller fire. Då får du mulegheita til å trena på dei forskjellige verda utan å måtte spela gjennom dei føregåande. Derimot så ville ikkje utviklarane gjera det for enkelt. Den femte verda, sjølve «The Fat Guy's Headquarter» vert ikkje tilgjengeleg på denne lista før du har fullført verden ein til fire i ein omgang. Vidare så får du beskjed om at einaste måte å komma gjennom spelet skikkeleg på er å ta alle fem verdane i ein enkelt omgang. Det vil seia inga mulegheit til å lagra og med berre seks liv til råde. Derimot er spelet så snilt at dei tildeler deg eit bonusliv for kvar fullførte verd.

    Spelet kom ut på fleire ulike plattformer og versjonen som me presenterer her er sjølvsagt DOS versjonen. I forhold til Amiga versjonen så er nok det grafiske og særskild lyden litt underlegen, men sjølve gameplayet er nett det same. Kraftig fokus på svært høg presisjon i styringa kan vera til stor frustrasjon for dei fleste, men så fort du lærar deg kontrollane og miljøet spelet opererer i vil perfeksjonisten i deg lett kunne treffa på den nøyaktigheita spelet krevjar.

    Frå skjermbileta får du sjå kva nivå grafikken legg seg på, men lyden er som nemnd ikkje mykje å skryta av. Den består av små trudeluttar ved starten av eit brett og diverse effektar for ting som skjer i spelet. Einaste form for bakgrunnsmusikk må i så fall vera lyden av fotstega til helten vår som høyrast når han går, men det er heldigvis ikkje så ille som det kan høyrast ut som.

    Så i og for seg er dette eit godt gjennomført spel for dei som likar ein utfordring. Spelet kan verka urettferdig i starten, men etter kvart som ein meistrar Rick Dangerous 2 vil noko av den frustrasjonen gå over til ein god meistringskjensle. Ta difor å last ned Rick Dangerous for å blåsa ut litt undertrykt sinne i klassisk gameplay frå dei gamle dagar. Du vil verta ein mykje betre person i ettertid.
    Score summary
    • icon Graphics : 4
    • icon Sound : 2
    • icon Gameplay : 5
    • icon Story : 3
    • icon Difficulty : 5
    • icon Learningcurve : 3

    Game permalink:

    Comments