• (1)
  • (1)
  • (1)
  • (0)
Game cover

Space Quest: The Sarien Encounter

Platform iconDOS 1986 Adventure Humor Point & Click Sci-fi

Series: Space Quest

No game description available yet

Game published on 01.12.2008 by Oldtree

Editor rating
5
User rating (6 votes)
5

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (10)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (10)


    Skjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien EncounterSkjermbilde fra Space Quest: The Sarien Encounter

    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    Review


    Vår helt i dag er ingen stor, sterk og modig rompilot, men heller ein litt meir jordnær romvaktmeister. Du spelar Roger Wilco, den heller litt late vaktmeisteren på romskipet «Arcada», og spelet startar med at naudalarmen vekkjer han frå si vanlege lur i bøttekottet. Sarienarane har nemleg invadert «Arcada» med det føremål å stjela «Star Generator», ei ny oppfinning som kan forvandla heilt vanlege planetar til glødande stjerner! Med resten av skipet sitt mannskap drept vert det no di oppgåve å stoppa Sarienarane frå å bruka det nye våpenet mot bebodde planetar. Men fyrst må du komma deg i sikkerheit, for om 15 minuttar vil Sarienarane ha sprengt skipet ditt «Arcada» i fillebitar.

    Og slik fortsetter spelet. Du vil løpe frå den eine faren til den andre i ditt eventyr for å stoppe den nye trusselen i universet. Undervegs vil du kanskje røske litt i hårroti over dei obskure tinga du må gjere for å komma deg vidare og mulegens humre litt over dei mange underhaldande måtane ein kan døy på. For slik som «King's Quest» starta med eit par år tidlegare fylgjer, tradisjon tro, Space Quest etter med grusomme måtar å døy på og diverse gåtar ein må løysa. Men sidan Space Quest er lagt opp etter ein mykje meir humoristisk plan så er det desto meir moro sende Roger Wilco til si sikre død gong på gong. Og kanskje finn du eit lite påskeegg på vegen? Spele inneheld iallefall si bør av referansar til andre spel og filmar. F.eks kan du plutseleg enda opp foran slottet i King's Quest, eller Jake og Elwood frå Blues Brothers kan plutseleg komme innom og ta ein trall. Og inga romspel er komplett utan ein dose Star Trek og Star Wars referansar.

    Sjølve spelet brukar same spelemotor som dei tre fyrste King's Quest speli, og har du spelt ein av dei så vil du kjenna deg godt igjen i både grafikken og spelestilen. Du bevegar Roger rundt med piltastane og skriv inn setningar om kva han skal gjere. Setningane tek som regel form som i «look around/at item», «get/pick up» eller «use/push» osv. For ein moderne spelar kan dette verka litt tungvindt, men med litt øvelse går det som ein drøym. Dvs, så lenge du faktisk skriv inn det som er forventa og du har plassert karakteren din der det er forventa at han er. Dersom ikkje vil du få ein feilmelding som ikkje allid hjelper deg til å retta på feilen din. Det vert fort dermed ein del prøving og feiling for å komma seg vidare.

    Grafikken liknar, til inga overrasking, mykje på King's Quest trioen, sjølv om det i Space Quest er nytta ein anna palett som passar betre til romskip og andre planetar. Trass i få pixlar får dei lett fram kva gjenstand som ligg på bakken, men er du usikker kan du lett nytta «look» funksjonen for å få det bekrefta. Dog så er det ikkje alltid lika lett å få med seg kva som faktisk er relevant for å komma seg vidare, men då er det berre å gå fram i god gamal «adventure» stil og prøva alt på alle. På den måten får ein med seg alle dei humoristiske krumspringa som er lagt til. Kjem du f.eks over eit hol i veggen, er det inga grunn til ikkje å ta ein titt inni.

    Men på denne metoden vil du og finne ganske mange måtar å døy på. Så her gjeld det å lagra ofte, nesten kvar gong du prøvar på noko nytt og kanskje til og med samtidig som du prøvar på noko. Vidare så er det veldig enkelt i dette spelet å gløyma ein liten sak og dermed skyta seg sjølv i foten med tanke på å fullføra spelet. Difor er det heller viktigt å ikkje overskriva den gamle lagringa før du er rimeleg sikker på at du ikkje kjem til å bruka han att.

    Men sidan spelet ikkje er så veldig langt så vil hovudsakeleg tida gå til å finna ut kva som er neste steg, og når du har løyst gåta, så tek det ikkje så veldig lang tid å spela seg fram til det punktet igjen. Det er berre eit par plassar at spelet avhengjer av reaksjonssans eller berre rein flaks, men sidan du er var over dei så hjelper ein hendig lagring deg gjennom dei. Spelet er dermed godt gjennomførbart i løpet av ein kveld, gitt at du ikkje set deg grundig fast ein plass. Men gjer du det er det berre å spørja etter hjelp på vårt forum.

    Musikken manglar i dette spelet, med unnatak av introduksjonsmusikken og avslutingsmusikken, så når du spelar kan du ikkje forventa å høyra noko meir enn lydeffektar for forskjellige ting. Desse kjem som regel der du forventar det og gjer ein god jobb gjennom spelet. Men så var det no heller begrensa over kor mykje bakgrunnsmusikk ein fekk plass til i spel i dei dagar.

    I alt så er dette eit humoristisk lite eventyr som er starten på ein serie med heile seks spel i livet til Roger Wilco (Nesten like mykje som King's Quest!). Dei forsøkte seg på eit sjuande, men det falt desverre i grus. Så om du følar for å verkeleg kosa deg med å senda ein romvaktmeister ut i døden gong på gong er det berre å lasta ned spelet og setja i gong. Og kanskje kan det hende du får lyst til å redde universet frå Sarienarane i same slengen.
    Score summary
    • icon Graphics : 5
    • icon Sound : 4
    • icon Gameplay : 4
    • icon Story : 5
    • icon Difficulty : N/A
    • icon Learningcurve : N/A

    Game permalink:

    Comments