• (4)
  • (4)
  • (13)
  • (6)
Game cover

The Dark Eye

Platform iconWindows 1995 Bizarre Point & Click Horror

No game description available yet

Game published on 11.12.2011 by Oldtree

Editor rating
4.5
User rating (8 votes)
5.8

Rate this game

Rap sheet

  • Screenshots (15)
  • Review (1)
  • Compability
  • Download
  • Comments
  • Screenshot(s) (15)


    Skjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark EyeSkjermskudd fra The Dark Eye

    Game video


    There is currently no video attached. If you have one, contact us and we'll add it!

    Download


    Game compability


    No compability data found
    We have no data on how compatible this title is. Please refer to the list below for emulators on various platforms.

    Review


    Ein mørk og stormfull haustkveld sat eg førre min kjære fangmaskin og stirra på skjermen då eg kom over ein kjapp liten artikkel. Artikkelen handla om eit utval sære skumle spel ein burde prøva ut sidan allehelgensaften var like rundt hjørnet. Blant dei kom eg over spelet som me omtalar no: «The Dark Eye». Det var ikkje mykje å lesa om spelet, men med ei kombinasjon av leirefilm og Edgar Allan Poe kunne eg ikkje dy meg, dette spelet måtte prøvast.

    Etter å ha klart å få tak i spelet «The Dark Eye» sette eg i gang med å prøva å få det til å fungera. Frå skjermbileta kunne eg lett sjå at dette var eit CD-spel, og det er ikkje alltid dei vil samarbeida med meg. Men heldigvis så visar det seg at med CD-en så fylgde det jammen med heile windows 3.1! Eit regelrett «blast from the past». Samt fylgde det med ei versjon av «Dosbox» fullt ut med eigen modifisert «config» fil. Det var dimed ikkje store problem å få spelet til å køyra.

    Rett nok så verkar det som spelet enno ikkje spelar heilt på lag. Fleire mørke skjermar i starten ein må klikka seg forbi før ein kjem til menyen og fleire instansar der spelet stoppar opp, som om han eigentleg skulle spela av ein animasjon, før han hoppar vidare gjer at eg har kjensla av at noko manglar. Men på tross av dette verkar spelet fullt køyrbart (sjølv om det ser ut til å krevja mykje av min aldrande maskin) og både animasjonar og musikk spelast greitt av.

    Frå menyen lagar du deg ein profil og kastar deg ut i spelet. Det fyrste som møter deg er ein merkeleg leirefigur som speglar seg sjølv i vatnet. Ei forteljarstemme set grunntonen og du klikkar deg vidare. For det er nettopp det du gjer gjennom heile spelet. Klikkar deg vidare i god peik-og-klikk stil. Spelet tek ikkje sikte på å gje spelaren store utfordringar og tankeknekkjande gåter, men ynskjer heller å fortelja ei historie, eller fleire historier. Edgar Allan Poe sine historier.

    Gjennom spelet vil figuren din hamna i fleire av Poe sine kjente historier. Der vil han oppleva det som hender gjennom ulike karakterar sine perspektiv. Etter å ha klikka deg gjennom desse «drøymane», akkompagnert med skummel musikk og dystre lydspor, kjem du tilbake til den verklege verda for å fortsetja hovudhistoria.

    Dramatiseringa av spelet byggjer på animerte leirefigurar som er sett førre ein 3D-animert bakgrunn i beste stil frå nittitalet. Sjølve animasjonane er ikkje mykje å skryta av, men dukkane er meisterlege og skumle. Då særleg dei sjellause augeholane gitt til alle dukkane. Kombinert med stemningsfull musikk klarar spelet å suga deg inn i ei atmosfære som passar godt til forfattaren spelet ynskjer å hylla.

    Sjølve «gameplay» i spelet er ikkje av den mest avanserte sorten, men det prøvar det heller ikkje å vera. Det byggjer kraftig på det å utforska og undersøkja alle ulike ting for å få med seg historia. Navigatøren her er sjølvsagt musepeikaren i form av ei hand. Denne animerer seg alt etter konteksten og lysar opp når du kan klikka på noko. Eit velkjend fenomen kalla pikseljaging såg ut til å vera rimeleg fråverande då det var kjapt og intuitivt å finna fram til det ein skulle klikka på. Derimot så kunne det til tider vera irriterande å måtte leita rundt omkring etter den tingen historia krevjar at du skal sjå på før du kan fortsetje.

    Så spelet krev litt tolmod, men ikkje meir enn det som krevjast for å lesa ei bok. Dersom du har lest noko av Edgar Allan Poe eller kun tykkjer det er artig med leireanimasjon så er det verdt å prøva «The Dark Eye». Uansett så er det i desse mørke dagar ypparleg med eit klassisk horrorspel frå dei gode gamle dagane. Så kok opp ein kopp med kakao og prøv ut spelet når mørket kryper på.

    Kjappstart

    Når spelet har starta opp og du er invitert inn i huset (ved å banka på; ein er no tross alt høfleg) skal du kun ta ein prat med dei to du finner i andre etasje. Dei sendar deg ned til fyrste for å helsa på kunstnaren i andre etasje. Her gjev du han det eine glaset med maling før du igjen går opp i andre etasje. Tek du ein ny prat med paret mørknar det for deg og du er i gang.

    Teknisk info

    Eg hadde problem med å få spelet til å køyra i starten, så eg bytta ut «config» fila som fylgde med mot mi eiga oppsett. Deretter kopierte eg berre over [autoexec] linjene frå botnen av fila. Eg fekk spelet til å køyra, men lyden stotra i eitt sett. Løysinga var å auka «prebuffer» i [mixer] frå 10 til 50. Lyden høyrdes så ut til å køyra mykje reinare. Til slutt så er det verdt å nemna at etter at «The Dark Eye» starta i windows 3.1 så verka det som det var fleire svarte skjermar å klikka seg gjennom. Så det er berre å smørja seg med litt tolmod og klikka sporadisk. Støytar du på noko anna problem er det berre å spørja i forumet.

    Score summary
    • icon Graphics : 5
    • icon Sound : 4.5
    • icon Gameplay : 3
    • icon Story : 5
    • icon Difficulty : 2
    • icon Learningcurve : 2

    Game permalink:

    Comments